Hallingdal

Amatørteater-miljøet i Hallingdal blømer! Det er teateraktivitet i alle kommunane i dalen, og sidan oppstarten i 1987 har HTV bistått lokale teatergrupper med instruksjon og andre tenester ved 8-12 produksjonar årleg. Desse spenner frå relativt enkle skuleoppsetjingar til store forestillingar.

Vår hovudmålsetjing er å tilby teatergruppene i Hallingdal bistand frå profesjonell instruktør, veiledning i valg av manus, utleige av kostymer og lysutstyr. Også skuleverk, næringsliv og privatpersonar nyttar tenestene våre. Brukarane kjem hovudsakleg frå Hallingdal, men HTV får også spørsmål frå andre deler av Buskerud, frå Oppland og Vestfold.

Geografi og folketal Hallingdal er eit 15 mil langt dalføre som strekkjer seg frå Gulsvik ved Krøderen til grensa mot Hordaland og mot Sogn og Fjordane. Kommunane i Hallingdal – Flå, Nes, Gol, Hemsedal, Ål og Hol – dekkjer eit arealt på 5.840 km². Om lag 20.000 menneske er busett her.

Historikk

Hallingdal Teaterverkstad vart stifta 16. desember 1987, men hadde vore på plan- og prosjektstadiet sidan 1983. På dette tidspunkt var det berre etablert to andre teaterverkstader her i landet; Tynset og Sør-Trøndelag.

Alt frå 1986 gjekk kommunane i Hallingdal inn med ei økonomisk støtte på kr 1 pr innbyggar; same året kom HTV på lista over stønadsmottakarar frå Buskerud fylke, og frå 1988 vart også Staten med på spleiselaget.

I 2012 hadde det økonomiske bidraget frå hallingdals-kommunane auka til kr 6 pr innbyggar, og me mottek framleis støtte frå fylkeskommune og stat. Vel 20 % av driftsinntektene våre kjem frå salg av instruktørtenester, utleige av kostymer og lys. Det er viktig å merke seg at HTV ikkje er nokon profitt-verkstemd, me gjev teaterinteresserte bistand til ein pris dei har råd til å betale.