07. november - 12. desember 2014 , Ål Kulturhus

To pinnar i kors

To Pinnar i Kors

av Alf Prøysen

To pinner i kors vart skrivi for Det norske teatret i 1955. I stykket er det både humor, visdom og samfunnsrefs. Handlinga er lagt til den vesle Smedsplassen. Edvard, som er far i huset, er glødande opptatt av å protestere mot det han ser på som feil i samfunnet rundt seg. Han ser ikkje det som skjer elles i familien, der kona Eline har fått alt til å gli med list og kløkt i alle år. Då eldstedottera i huset kjem heim på sommarfeire, og som vanleg med ein ny kjærast for året, skyt handlinga fart. Nyekjærasten og far Edvard finn kvarandre, og eit opprør mot vegstandaren i bygda tek form. Men denne gongen engasjerer også mor Eline seg, og det får uventa konsekvensar. Handlinga er lagt til eit bygdemiljø på 50-talet. Både hovudpersonane og bipersonane belyser miljøet i bygda. Leveld teaterlag ynskjer å setje opp stykket på Leveldtun. Leveldtun vart ferdig i 1962 og passar godt med tida stykket går føre seg i.

Gry Tøsdal frå Buskerud teater skal ha regien. Eldgrim Springgard har omarbeidd teksten til hallingmål. Dette gjer stykket meir heimleg og nært for oss.

Prøysen-kveld
I samband med forestillingane arbeider teaterlaget for å lage ei ramme rundt stykket. Det skal vere kafé med tidsriktig dekorasjon/tilbehør og servering. I pausen blir det ei økt med Prøysen-songar, der publikum får høve til å synge med. Koret Kor for uss syng også og har med seg nokre solistar og trekkspelaren Sverre Isungset. Til saman blir dette ein heilaftans Prøysen-kveld.

Teatergruppe Leveld Teaterlag
Regi Gry Tøsdal
Spillested Ål Kulturhus
Kommune Ål
Tekst Eldgrim Springgard